Menu

Svartelista fiskeslag utbreidd i Sør-Noreg

  • Skrevet av 

Det framande fiskeslaget bekkerøye reproduserar i delar av Sør-Norge, og spesielt i Agder-fylka. Ei ny kartlegging har påvist 189 bestandar av den svartelista arten som normalt høyrer heime i Nord-Amerika.

FAKTA

Bekkerøye er ein framand art i norsk natur.

Ein ny rapport oppsummerar kvar det finst reproduserande bestandar av bekkerøye i norsk natur.

Dei reproduserande bestandane finst i:

Aust-Agder (58)

Vest-Agder (45)

Telemark (32)

Hedmark (22)

Rogaland (13)

Buskerud (6)

Nord-Trøndelag (5)

Oppland (4)

Oslo/Akershus (3)

Nord-Trøndelag (1)

Bekkerøya finst i naturen vår, fordi arten har vore sett ut i vassdrag i delar av Sør-Noreg. Dei første eksemplara var sette ut allereie på slutten av 1800-talet. Det skjedde fordi fisken vart rekna som ein attraktiv fisk for sportsfiske, da den var kjent for å vekse raskt og vera hardfør.

På 1970-talet fekk utsettinga av bekkerøye eit stort omfang som følgje av sur nedbør.

– Utsettinga den gong vart gjort for å kompensere for aurebestandar som gjekk tapt eller vart kraftig redusert, fordi vatnet i elvar og innsjøar vart surare. Bekkerøya var meir tolerant for surt vatn, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet.

Forbod mot utsetting

Bekkerøye er ein framand art i norsk natur. Difor bestemte Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) i 2005 at utsetting av bekkerøye skulle vere forbode. Bekkerøya lever normalt ikkje lenger enn tre år, slik at bestandar som finst i dag er eit resultat av at arten reproduserar i naturen vår.

– For oss er det viktig å ha kunnskap om utbreiinga av framande artar. Dette er bakgrunnen for at Miljødirektoratet sette i verk kartlegginga. Kunnskapen vi no har fått vil kome til nytte i arbeidet med å hindre ytterlegare spreiing av arten, seier Svarte.

Meir enn halvparten av dei registrerte bestandane finst i Agder-fylka.

Svartelista art

Bekkerøye er oppført i svartelista som vert utarbeidd av Artsdatabanken, men er rekna for å ha låg økologisk risiko og gjer med andre ord liten skade der den framleis lever.

I mange vassdrag der aure og laks forsvann på grunn av surt vatn, er desse fiskeslaga tilbake mellom anna fordi tilsetting av kalk i vassdraga har betra kvaliteten på vatnet og leveforholda. I tillegg har nedbøren vorte mindre sur i seinare år. Når laks og aure har vendt attende, er bekkerøya samtidig utkonkurrert og forsvunne frå mange lokalitetar, eller er fortrengt til mindre sidebekkar eller avgrensa delar av vassdraga.

Det er Norsk institutt for naturforskning (NINA) som står bak kartlegginga som er gjort på oppdrag for Miljødirektoratet.

RELATERTE LENKER

Kommentarer

Tilbake til toppen

LES OGSÅ

Følg oss