Menu

Svalbard-funn styrkjer miljøgiftregulering

Høge nivå av ei gruppe miljøgifter er no funne i fugl, fisk og pattedyr rundt Svalbard. Konsentrasjonane av såkalla klorerte parafin ser også ut til å auke i næringskjeda. Dette gir styrkt fagleg dokumentasjon for å stanse bruk og spreiing av stoffa.

 Stoffa klorerte parafin er giftige, blir langsamt brotne ned i miljøet og kan hope seg opp i organismar. Miljøgiftene er tidlegare påviste i blant anna fisk, fugl, fugleegg og morsmjølk, i tillegg til det arktiske miljøet. Likevel har ikkje forskarane hatt nok informasjon til å vise at miljøgiftene også hopa seg opp i næringskjeda. Denne nye undersøkinga stadfestar at stoffa blir oppkonsentrerte i næringskjeda i Arktis, og at dei dermed er eit miljøproblem.

– Resultata frå Svalbard er viktige i arbeidet for å få på plass strengare regulering av kortkjeda klorerte parafin i den globale Stockholmkonvensjonen, seier direktør for Miljødirektoratet Ellen Hambro.

Blir spreidde over lange avstandar

Forskarar har påvist høge nivå av klorerte parafin i prøvar av isbjørnblod, sel, krykkje, polarmåse, ærfugl og torsk rundt Svalbard. Undersøkinga er ein del av Miljødirektoratet sitt program for kartlegging av nye miljøskadelege stoff, og prøvane er samla inn av Norsk Polarinstitutt.

– Arktis er eit område med liten menneskeleg aktivitet og med få lokale kjelder til miljøgiftutslepp. Når klorerte parafin blir funne der, viser dette at stoffa kan transporterast over lange avstandar utan å bli brotne ned, seier Ellen Hambro.

Styrkt grunnlag for reguleringar

Noreg har forbod mot bruk av kortkjeda klorerte parafin i produkt. Kortkjedea og mellomkjeda klorerte parafin står også på prioritetslista, som er lista over miljøgifter som vi har som mål å stanse utslepp og bruk av innan 2020.
Miljødirektoratet jobbar også aktivt for å få til ei strengare regulering av dei klorerte parafina i EU. Føreliggjande undersøking gir viktige data i dette arbeide

Stockholmskonvensjonen

  • Global miljøavtale som blei oppretta for å beskytte helse og miljø mot persistente organiske miljøgifter (POP-ar). I dag er dei fleste land i verda partar til konvensjonen. Totalt har 179 ratifisert konvensjonen sidan den blei underskriven i 2001.
  • Inneber forpliktingar til å fase ut dei farlegaste miljøgiftene, POP-ane som blant anna omfattar farlege miljøgifter som PCB, DDT og dioksin.
  • Famnar industrikjemikal, plantevernmiddel og utilsikta utslepp.
  • I dag er 23 POP-ar omfatta. Seinast i mai år blei den bromerte flammehemmaren heksabromsyklododekan inkludert, og på sikt vil fleire POP-ar kunne bli innlema.
  • Stoff som blir vurderte for innleming er blant anna kortkjeda klorparafin, klorerte naftalen, hexaklorbutadien, dekabromdifenyleter og dicofol.
     
    Kilde: Miljødir

Kommentarer

Tilbake til toppen

LES OGSÅ

Følg oss