Menu

Professor ble norgesmester i naturfoto 2013

  • Skrevet av 

Professor Audun Rikardsen ved UiT er kåra til norgesmeister i naturfoto 2013. Det er første gong han deltek i den norske konkurransen, men i 2012 fekk han førsteplass i den nordiske og andre plass i den europeiske.

 

Denne veka vart det kjent at professor Audun Rikardsen ved Fakultet for biologi, fiskeri og økonomi (BFE-fak) vann førsteplassen i den norske meisterskapen i naturfoto 2013. I tillegg vart Svalbardrøye i midnattssol under vatn kåra til årets bilde.

Rikardsen fekk totalt fem av dei åtte beste bilda i heile konkurransen.

- Eg er veldig fornøgd og ganske audmjuk med tanke på alle dei flinke fotografane som har deltatt, seier Rikardsen.

Det er første gang han har deltek i noregsmeisterskapen og ifylgje rykta skal årets konkurranse vere den tøffaste av alle dei 37 åra den har føregått.

- Eg følgde med denne konkurransen opp gjennom heile ungdomstida men turte ikkje å sende inn bidrag den gangen, seier Rikardsen. Han vil også gratulere fotografane Jan R. Olsen og Rolf Selvik som gav han hard kamp heilt fram til målstreken.

Kilde: Universitetet i Tromsø

 

Kommentarer

Tilbake til toppen

LES OGSÅ

Følg oss